ARKIVDEPOT
Nytt arkivbygg i Vestland fylkeskommune
Ei investering i kunnskap, kulturarv og demokrati
Bygget vart ferdigstilt i august 2025 og representerer ei historisk satsing på arkivfeltet i fylket.
– Når vi investerer i arkiv, investerer vi i tillit. Tillit til historia, til fellesskapen, og til at dei som kjem etter oss skal ha same tilgang til fortida som vi har i dag. Arkivet er del av grunnmuren til demokratiet vårt. Det gir innsyn, rettstryggleik, og gjer at vi kan halde offentlege aktørar ansvarlege også tilbake i tid, sa fylkesvaraordførar i Vestland fylkeskommune, Stian Davies. Det var han som stod for den offisielle opninga 30. oktober.
Det nye arkivbygget er ført opp på Hermannsverk i Sogndal kommune. Bygget vart ferdigstilt i august 2025 og representerer ei historisk satsing på arkivfeltet i fylket. Med ein kapasitet på over 20 000 hyllemeter i tillegg til spesialmagasin for foto, lyd og levande bilete, og topp moderne løysingar for digitalisering og bevaring, meir enn doblar fylkeskommunen talet på hyllemeter tilgjengeleg.
Bygget har kosta om lag 113 millionar kroner å få på plass. Det skal sikre nødvendig arkivkapasitet for både Vestland fylkeskommune og for kommunar i fylket. Vestland fylkeskommune er fylkeskommunen vertskap for Kommunearkivordninga i Vestland, eit samarbeid med 18 kommunar saman med fylkeskommunen sjølv. Deltakarane samarbeider om arkivtenester for å sikre at arkiva vert handterte, tekne vare på og formidla i samsvar med gjeldande lovverk. Kommunearkivordninga yter utviklings- og rådgjevingstenester for medlemskommunane, og har etablert eit fellesdepot for deltakarane sine papirbaserte og elektroniske arkiv. Det nye arkivbygget er delvis finansiert gjennom dette samarbeidet. I tillegg forvaltar fylkeskommunen privatarkiv frå heile fylket.
Nøgd vertskommune
Sogndal kommune er både vertskommune for nybygget og medlem i kommunearkivordninga. Ordførar Stig Ove Ølmheim deltok på opninga.
– Takk for investeringa! Det er vi verkeleg glade for. Vi var spente ved fylkessamanslåinga, men dette nybygget saman med oppussinga av fylkeshuset, syner at Vestland byggjer kompetansearbeidsplassar i kommunen vår. Vi er også stolte av å vere med i kommunearkivordninga. Det viser at kommunane står saman for å ta vare på arkiva våre, sa Ølmheim.
Ein del av kulturpolitikken
Arkivsatsinga er forankra i fylkeskommunen sin Regional plan for kultur. Her har fylkeskommunen vedteke at arkivsektoren skal vere ein nøkkelaktør for openheit, demokrati og kulturarv i fylket.
Fylkeskommunen vil vere eit føredøme for open dokumentforvalting og tilgjengeleggjering av kulturhistoriske kjelder, og legg vekt på samarbeid, teknologisk utvikling og frie lisensar for deling.
Med det nye bygget styrkjast infrastrukturen for papirbasert, fotografisk og audiovisuelt arkivmateriale i Vestland. Både fylkeskommunen sine eigne arkiv, og arkiv frå samarbeidspartnarar i kommunar i og museum i fylket vil nyte godt av dette.
Eit bygg for framtida
Det nye arkivbygget på Hermannsverk er utforma med berekraftige løysingar: solcelleanlegg på taket og luft/vatn-varmepumper. Det har fem ulike klimasoner tilpassa ulike materialtypar. Magasina vert gjort straumlause når dei ikkje er i bruk, noko som gjer det praktisk talt umogleg at ein brann kan oppstå. Bygget har rom for ordning, digitalisering og muggsanering, og legg til rette for forsking, undervisning og kulturformidling.
– Arkiva skal ikkje berre vere lagringsstader – dei skal vere levande formidlingsarenaer, sa fylkesvaraordførar Stian Davies under opningsarrangementet. – Dette er eit bygg for framtida, både fysisk og symbolsk. Her skal vi ta vare på fortida, men også møte framtida med opne auge og gode system, heldt han fram.
Ros frå riksarkivaren
Riksarkivar Inga Bolstad hadde sendt ei videohelsing til opninga.
– Med 20 000 hyllemeter opnar vi i dag eit av Noregs største arkivbygg. Ein spesiell takk til politikarane i Vestland. De har valt å satse på arkiv! Det er eit sterkt og framtidsretta val. Sterke institusjonar kjem ikkje av seg sjølve, dei må prioriterast og løftast politisk. Arkiv sikrar dokumentasjon og etterprøvbarheit, og det vernar rettane til enkeltmennesket, sa Bolstad.