DOKUMENTARV

TRANSPORT AV TURISTAR: Skysskarar oppstilte framfor Hotel Mundal. Bøyabreen og Supphellebreen, hovudattraksjonane i Fjærland, ligg om lag 10 kilometer frå hotellet. Transport av turistar fram til dei to sidearmane av Jostedalsbreen skapte ei fin attåtinntekt for bøndene i bygda. Fotograf: Andreas Mathias Anderssen. Datering: 1891–1910.

Hotel Mundal – hotellarkiv i særklasse

Arkivet etter det familiedrivne hotellet i Fjærland, som no er del av Noregs dokumentarv, gjev eit rikt bilete av turistnæringa i framveksten av reiselivet i Noreg.

Publisert Sist oppdatert

Arkivet brettar ut reiselivsnæringa i stor detaljrikdom. Det meste av denne informasjonen finst ikkje i andre kjelder.

Hotel Mundal 

Norges dokumentarv

Noregs dokumentarv skal synliggjøre og ta vare på viktig kulturarv i form av dokumenter, arkiv, manuskript, foto, film og lyd. 

Se dokumentarvregisteret her.

Norges dokumentarv er del av UNESCOs Memory of the World.

Hotel Mundal i Fjærland opna dørene for første gong 29. juni 1891. Det var ekteparet Brita og Olaus Dahle som stod bak etableringa av hotellet. Med seg på laget fekk dei Brita sine brør Mikkel, Per og Johannes Mundal. Brita og Mikkel hadde på 1880-talet drive ein liten gjesteheim i Fjærland, men den gryande turismen i området skapte trong for både auka kapasitet og betre overnattingstilhøve for dei reisande.

I 1906 vart Olaus Dahle eineeigar av hotellet, og familien flytta permanent til Fjærland etter å ha sesongpendla frå Lærdal i ein del år. Hotellet vart i over 100 år drive som ei familiebedrift. Soga om Hotel Mundal kan bli delt inn i periodar, etter kva generasjon som stod for drifta.

Brita og Olaus Dahle hadde stort sett hovudansvar for drifta frå oppstarten i 1891 og fram til 1936. Borna deira tok deretter over og dreiv hotellet fram til 1982. Tredje og fjerde generasjon hadde så ansvar for drifta til hotellet vart selt ut av familien i 2012. Hotel Mundal er i dag eigd av Ola Moe, som har sett i gang renoveringsarbeid på den ærverdige bygningen.

NATUREN LOKKA: Fjærland er ei bygd der fjord møter bre, og vart difor eit ynda reisemål då den ville og urørte norske naturen lokka fleire og fleire turistar til landet. Biletet viser Bøyabreen.Fotograf: Andreas Mathias Anderssen. Datering: 1891–1910.

Arkivet Vestland fylkeskommune oppbevarer, og som vart teke opp i Noregs dokumentarv, er dokumentasjon frå dei to første generasjonane som dreiv hotellet.

Komiteen si grunngjeving

Arkivet etter Hotel Mundal dokumenterer turisme og reiselivsnæring frå oppstarten av hotellet i 1891 og fram til om lag 1980, og det i eit av dei mest ikoniske vestlandske fjordområda som både gjorde Noreg kjent som reisemål på 1800-talet og som var og er ein viktig turistdestinasjon fram til i dag. Det nær komplette arkivet etter Hotel Mundal er unikt i nasjonal samanheng med sin samanhengande dokumentasjon som gir eit tidsbilete av turismen frå framveksten av den utanlandske turistferdsla på slutten av 1800-talet, gjennom krig og krisetider, til det moderne reiselivet etter andre verdskrigen.

Det unike arkivet

Etableringa av Hotel Mundal skjedde i ei tid då utanlandske turistar for alvor tok til å oppdage Noreg som reisemål. Mange av gjestene på hotellet kom frå overklasse/øvre middelklasse og vart dregne til Vestlandet av naturopplevingar, frisk luft og ei stille som mangla i støyande storbyar. Arkivet treffer tidsånda på ein overtydande måte. Bilete, menykort, turistbrosjyrar, brev og anna tilfang gjev framifrå tidskolorittar av ei pionertid innan norsk reiseliv.

I arkivet møter vi turistane direkte, som begeistra formidlarar av hotellbesøk og opplevingar av vestnorsk fjordlandskap, men òg som kresne gjester. I mindre tydeleg tale, men i form av vel dokumenterte rekneskapsbøker, får vi også informasjon om fjærlendingane, som på ymse vis fann utkome og levebrød av turiststraumen til bygda. Mest av alt er likevel arkivet kunnskap om familien som dreiv hotellet – om vertskap, gründerånd og innsatsvilje.

HOTEL MUNDAL: Hotel Mundal står framleis og representerer dei fysiske spora etter ei pionertid innan norsk reiseliv. Hotellet og arkivmaterialet utgjer ein heilskapleg kulturarv, eit monument over menneska og tidsepoken då verda byrja å banke på døra til norske lokalsamfunn. Fotograf: Narve Skarpmoen. Datering: ca. 1910.
PÅ MENYEN: I arkivet frå Hotel Mundal finst både vinkart og menyar. Her: Maria Louise suppe, faarefricaudau, oksebog m. gulerødder og sukkererter, salat, stikkelsbærscomot og kaffe.
FRÅ UTLANDET: Serien med framandbøker viser kven som vitja Hotel Mundal. Protokollane dokumenterer på ein overtydande måte den stor tilstrøyminga av utanlandske turistar. På denne protokollsida kan vi sjå at gjestene kjem frå Finland, Sør-Afrika, England, Skottland og USA.
ANNA NÆRINGSVERKSEMD: Hotelleigarane gjorde fleire forsøk på å stable på beina næringsaktivitet ved sida av hotelldrifta, til dømes saft- og hermetikkproduksjon, men tiltaka førte i liten grad fram.
VEVING PÅ SI: Brita Dahle (født Mundal) dreiv ikkje berre hotell, ho vann seg òg eit namn som ein svært flink vevar. Produkta ho laga, var ei viktig inntektskjelde for hotellet. I nokre av mellomkrigsåra utgjorde vovne produkt kring 30 prosent av dei samla inntektene til Hotel Mundal.
VEVING PÅ SI: Brita Dahle (født Mundal) dreiv ikkje berre hotell, ho vann seg òg eit namn som ein svært flink vevar. Produkta ho laga, var ei viktig inntektskjelde for hotellet. I nokre av mellomkrigsåra utgjorde vovne produkt kring 30 % av dei samla inntektene til Hotel Mundal.
LOKALE RINGVERKNADER: Illustrasjonen er henta frå ei oppgjersbok for sal til Hotel Mundal. Hotelldrifta gav ringverknader i lokalsamfunnet. Bønder i Fjærland leverte matvarer til hotellet, og den store tilstrøyminga av besøkande skapte stor aktivitet innan heimeyrke og suvenirproduksjon.

Arkivet brettar ut reiselivsnæringa i stor detaljrikdom. Det meste av denne informasjonen finst ikkje i andre kjelder. Gjennom arkivmaterialet får vi innblikk i den kvardagslege delen av turistnæringa, og ikkje sjeldan baksida av den blankpolerte reklamefasaden. Den uerstattelege verdien til arkivet er difor det mangefasetterte biletet materialet gjev av turistnæringa i framveksten av reiselivet i Noreg.

I omfang utgjer arkivet om lag 18 hyllemeter. Materialet er godt ordna, og katalogen er tilgjengeleg på Arkivportalen. Dei første framandprotokollane har dessutan blitt publiserte på Digitalarkivet.

Arkivet er eigd, oppbevart og forvalta av seksjon arkiv, som ligg under avdeling for kultur og folkehelse i Vestland fylkeskommune. Seksjonen tek vare på og formidlar arkiv- og kjeldemateriale frå heile Vestland fylke. 

Sjå video om arkivet her (Vestland fylkeskommune)

Arkivarens favoritt

"Tusen Tak fra min Mand og mig for sidst, – for al Venlighed og al Hygge, for det storartede Værelse, for Stølsture, Baadture og alt godt! Fjærland er dog det deiligste Sted paa Jorden, baade hvad Natur og Mennesker angaar."

Slik innleia Bolette Christine Pavels Larsen (1847–1904) eit takkebrev til vertskapet på Hotel Mundal etter eit sommaropphald i Fjærland i 1903. Bolette vaks opp i Sogn, men budde mesteparten av livet sitt i Bergen. Ho arbeidde som bokmeldar i Bergens Tidende, omsette bøker og hadde dessutan ein eigen litterær produksjon.

Bolette og mannen la i ei årrekkje sommarferiane sine til Fjærland og knytte nære venskapsband med hotelleigarane. Brita og Olaus Dahle la vinn på å vere eit godt vertskap, noko brevet frå Bolette er eitt av fleire døme på at dei lukkast med. Dokumentet har dessutan eit vakkert monogram.

(Per Olaf Bøyum, Vestland fylkeskommune)

Kjelder:

  • Mauritzen, Marit Orheim: Hotel Mundal 1891–1991.
  • Nominasjonssøknad for arkivet etter Hotel Mundal til opptak i Noregs dokumentarv

Lenker:

Om skribenten

Per Olav Bøyum jobbar med privatarkiv i Vestland fylkeskommune og hadde hovudansvar for nominasjonen av arkivet frå Hotel Mundal til Noregs dokumentarv. Foto: Eirik Yung, Vestland fylkeskommune.

Powered by Labrador CMS