DELING

Privatarkivar Per Olav Bøyum, fylkesdirektør Rune Haugsdal og museumspedagog Mari Sofie Sandvik frå De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum ser på kjeldematerialet.

På sporet av ein fylkesdirektør

I samband med markering av rund dag tok vi som jobbar med historiske arkiv i Vestland fylkeskommune, initiativ til å gje fylkesdirektør Rune Haugsdal ei spesiell gåve: eit djupdykk i si eiga slektshistorie. Vi var spente på kva spor vi kunne finne etter han i kjeldene.

Publisert Sist oppdatert

Vi visste at fylkesdirektøren hadde interesse for slektsforsking, og sette oss som mål å overraske han med nye opplysningar. Vi inviterte han til å møte oss på kaien på Kaupanger i Sogn, i eit gammalt bygg som går under namnet Glaværstova.

Ved å gå til dei kommunale arkiva får vi vite ein god del meir om tipptippoldemor Magnilde.

Sogn, skule og fattigstyre

Det gjekk fort å lokalisere Rune sitt familienamn. Eit slektstre på internett gav også nyttig informasjon om familien. Haugsdal ligg i Masfjorden kommune. Ei av slektsgreinene strekkjer seg nordvestover, mot Gulen i Sogn.

Ettersom hovudtyngda av dei historiske arkiva Vestland fylkeskommune og Kommunearkivordninga i Vestland forvaltar, er frå tidlegare Sogn og Fjordane fylke, var det naturleg å følgje greina som gjekk til Sogn. Tippoldemor til Rune Haugsdal, Marte Kristine Jonsdotter, gifta seg i 1880 med Jakob Mikkelson Haugsdal i Masfjorden. Marte kom opphaveleg frå Gulen i Ytre Sogn, der foreldra hennar, John Bertelson og Magnilde Sørensdotter, dreiv husmannsplassen Åmdalsneset.

Ved å gå til dei kommunale arkiva får vi vite ein god del meir om tipptippoldemor Magnilde. Vi finn ho først i ein skuleprotokoll frå 1827 og seinare i arkivet frå fattigstyret i Gulen. I 1883 måtte ho og mannen John be om ei handsrekking frå det offentlege. Dei fekk utlevert matvarer, i form av bygg. John døydde i 1888. Etter det går det nokre år før vi møter Magnilde att i arkivet frå fattigstyret. Fram til ho døydde, hadde Magnilde behov for ulike typar stønad frå det offentlege.

Samlingsplassen Søre Glavær

Kanskje var Glaværstova den første baren i Sogn!

Magnilde kom frå den vesle øya Søre Glavær ved innløpet til Sognefjorden. Søre Glavær var registrert i matrikkelen med eige gardsnummer, men jorda kasta lite av seg. I 1667 hadde garden ei landskyld på 9 merke smør og fødde 3 naut. Ikkje mykje å bli feit av. Men Søre Glavær låg sentralt til og var ofte tingstad og møteplass for kommunestyret i Gulen. I tillegg er plassen kjent for å ha ei god småbåthamn. Særleg var det jektene som la til her, medan dei venta på brukande bør. Ikkje så overraskande kom det etter kvart ein gjestgjevarstad på øya. Kanskje var Glaværstova den første baren i Sogn!

Søre Glavær vart ein samlingsplass for handelsreisande vossingar, strilar, sogningar og folk lenger nordfrå. Det kunne gå livleg for seg på øya, for dei bryggja sterkt øl der. Også vinen skal ha hatt ein høg alkoholprosent: Det var brennevin med vinfarge, vart det sagt. I gjestgjevarhuset var det eit eige rom kalla vossakammerset. Der var det lister for vindaugo innvendig, slik at vossingane ikkje kunne slå ut rutene når dei var fulle.

«Strilane drakk aller verst. Dei daudrakk seg. Men vossingar og sogningar var også tørste folk. Og dei slost ofte.» Desse friske tidskolorittane finn vi i det såkalla Sognaarkivet, som er skriftsamlinga til De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Det var lokalhistorikaren Anders Skåsheim som samla inn minnestoffet frå Glavær. Han gjorde ein storstilt innsats for å ta vare på lokalhistorie frå sognabygdene og har etterlate seg eit omfangsrikt arkivmateriale, som gjev utfyllande opplysingar om hendingar, skikkar og levemåtar.

Skisse, Sør-Glavær Gulen Sogn, oppmålt juli 1928 av Johan Lindstrøm

Gjestgjevaren og feil i bygdeboka

Den første gjestgjevaren på Søre Glavær heitte Hans Andersen. Han starta opp tidleg på 1750-talet. I arkiva finn vi dokumentasjon på at Rune Haugsdal sin 4xtippoldefar Anders Olsson fekk skøyte på gjestgjevarstaden for 300 riksdalar i 1784. Nokre år før dette gifta han seg med Marte Kristine Sørensdotter Parelius. I kyrkjeboka står han innført med namnet «Skitvigen». Dette var det første sporet som leia oss innover i Sognefjorden.

I ættesoga for Gulen vert det opplyst at Anders var barnebarnet til den første gjestgjevaren, og at faren hans heitte Ole Husebø. Dette er feil, for Anders kom ikkje frå Gulen i det heile teke. Anders kom frå Skitneviki på austsida av Fjærlandsfjorden.

Det er ikkje uvanleg at det er små feil i bygdebøkene. Det er ofte vanskeleg å tolke kjeldene, og dei som skriv bygdebøkene, er avhengige av informantar og har oftast ikkje grunn til å tvile på opplysningar dei får. Rune Haugsdal hadde ikkje kunnskap om at slekta hans kunne sporast tilbake til Fjærland i Sogn.

Bilete av Fjærlandsfjorden med utsikt rett over mot Skitneviki.

Garden Skitneviki

Anders Olsson vart fødd om lag 1750 og kom frå garden Skitneviki. I daglegtale sa dei helst Viki. Området er tilgrodd no og ser neppe ut som ein plass der det er råd å drive gard, men det vart det. Som vanleg i Sogn hadde Viki to stølar, ein heimestøl og ein fjellstøl. I folketeljinga 1845 kjem det fram at det budde 14 personar i Viki, fordelt på to hushald, ein bondefamilie og ein husmannsfamilie. Plassfolket heldt til på Fleskehelleren. Viki låg utsett til for ras. Eit skred tok i desember 1811 livet av ein tenar og kvesta i tillegg ei kvinne stygt. I 1853 tok eit snøskred på nytt menneskeliv. Viki vart fråflytta i 1860, og folka som budde der, emigrerte til Amerika.

Her var det altså Anders vaks opp. Han hadde ikkje odel på garden. Kva gjorde han fram til han gifta seg i 1781, om lag 30 år gammal? Dette er ikkje ein veldig kjelderik periode. Å dokumentere Anders sitt liv i detalj er difor uråd. Truleg kan vi slutte at han var jektekar, sjølv om det ikkje finst dokument som beviser det. Eit hint som peikar i den retninga, får vi dersom vi går inn i skiftet etter far til Anders. Der kjem det fram at han var medeigar i ei jekt. Her vert fylkesdirektøren litt ekstra engasjert. Han er nemleg ein ivrig båtmann sjølv.

Maritim motorveg

Den maritime motorvegen førte mange sogningar til Bergen. Jektefarten var stor og hadde lange tradisjonar. Sogningane frakta ved og budrått (mjølkeprodukt som smør og ost) til byen. Andre vegen gjekk det bygg og ymse andre varer. I tillegg var det mykje transport av trematerialar frå dei store godsa i Indre Sogn. På Kaupanger, Amla og Frønningen var skogshogst ei viktig næring.

At ein bondeson frå midtre Sogn skulle slå seg ned som gjestgjevar på ei øy ved kysten, er ikkje så spesielt som det kanskje høyrest ut. Den første som dreiv gjestgjevarstaden på Søre Glavær, Hans Andersen, kom frå Ulvastad i Balestrand, som ikkje ligg så langt frå Viki. Kanskje var det slik at Anders på ein av jekteturane sine til Bergen stoppa på Glavær, og at han der trefte Marte Kristine, stedottera til den førre gjestgjevaren? Vi veit ikkje sikkert, men det er ikkje usannsynleg at det var det som skjedde.

Det som i alle fall framstår som temmeleg sikkert, er at det var Anders Olsson frå Fjærland, 4xtippoldefar til noverande fylkesdirektør i Vestland, som saman med kona Marte Kristine bygde Glaværstova, også kalla den første baren i Sogn. Denne bygningen er no ein del av samlinga til De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum og er plassert på kaien på Kaupanger.

Fylkesdirektør Rune Haugsdal.

Fylkesdirektøren ser no kanskje både på arkiva og på fjordane i Sogn med litt andre auge enn han gjorde før.

Rørt fylkesdirektør

Rune Haugsdal var både overraska, rørt og imponert etter at arkivarane våre hadde teke han med tilbake i tid og gjeve han ny kunnskap om si eiga fortid. Ein del av det vi delte med han, var kunnskap han allereie hadde ei viss innsikt i, men ein del var også heilt nytt. Fylkesdirektøren ser kanskje no både på arkiva og på fjordane i Sogn med litt andre auge enn han gjorde før.

Det å dykke ned i historia slik som dette er ei ganske tidkrevjande oppgåve, men det viser noko av det potensialet som ligg i dei historiske arkiva vi forvaltar.

Kilder

  • Gulen skulestyre karakterprotokoll 1827–1831
  • Møtebok Gulen fattigstyre 1882–1926
  • Manntalsprotokoll Gulen fattigstyre 1896–1964
  • Sognaarkivet
  • Matrikkelen av 1667 for Ytre Sogn Fogderi
  • Folketeljinga frå 1845
  • De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum og Sogn Fjordmuseum
  • Kleiva, Ivar. «Gulen i gammal og ny tid». Utg. Gulen kommune 1996
  • Nordland, Lars. «Masfjordboka». Utg. Masfjorden kommune 1995
Powered by Labrador CMS