ARKIV I BRUK

Flyfoto av to offshoreplattformer i Nordsjøen, med Alexander L. Kielland til venstre.
FØR ULYKKEN: Boligplattformen «Alexander L. Kielland» (til venstre) før ulykken. Plattformen «Albuskjell 2/4» sees til høyre.

Arkiva som opna historia om Kielland-ulukka

På kva måte har tilgjengeleggjeringa av arkiva etter Noregs verste industriulukke endra forståinga av og samtalen om ulukka?

Publisert Sist oppdatert

Torsdag 27. mars 1980 er den svartaste dagen i norsk oljehistorie. I grov sjø kantra bustadplattforma Alexander L. Kielland i Nordsjøen. 123 menneske omkom, og av dei 89 som overlevde, vart mange merkte for livet. Ulukka skjedde i barndomen til den norske oljealderen. Dagen etter ulukka uttalte statsminister Odvar Nordli at det var for tidleg å drøfte kva konsekvensar hendinga ville få for norsk oljeverksemd: «... vi må først få avklart så langt som mulig hva som har skjedd.» Ein granskingskommisjon vart så sett ned for å finne årsaka til ulukka. Rapporten frå kommisjonen førelåg året etter og konkluderte med at årsaka til ulukka var å finne i en sprekk i eit stag som hadde fått utvikle seg til eit fullt brot.

Fire oransje plattformbein stikker opp av mørkt sjøvann, med skum rundt det nærmeste.
ULYKKEN I NORDSJØEN: Bildet er tatt 28. mars 1980, dagen etter at plattformen kantret. Av 212 personer ombord omkom 123.

Ikkje berre kommisjonen, men også ei rad andre både offentlege og private instansar dokumenterte, fotograferte og skreiv om ulukka. Summen av alt dette, og av tidlegare materiale knytt til bygging, kontroll og drift av ulukkesriggen, utgjer det vi her omtalar som Kielland-arkiva. Lenge låg dette materialet nærast urørt, men frå 2014 vekte forskarar frå Universitetet i Stavanger og journalistar i Stavanger Aftenblad samtalen kring Kielland-ulukka til live. Med publisering av første bok i Råolje-prosjektet, «Alexander L. Kielland»-ulykken. Hendelsen, etterspillet, hemmelighetene (2016), og eit eige helgebilag om Kielland-ulukka i Stavanger Aftenblad hausten 2016 nådde opne spørsmål og motforteljingar offentlegheita for fullt.

Delvis nedsenket plattform med teksten «Alexander L. Kielland» over vannlinjen.
STAVANGER: Bildet ble tatt etter at snuingen av plattformen var avsluttet, 16. september 1983.

Etter dette vaks den offentlege samtalen kring ulukka. Kielland-nettverket, ei støttegruppe for overlevande og pårørande etter ulukka, vart etablert på seinvinteren 2016 og arbeidde for ei ny gransking av ulukka. Både historisk forsking og journalistisk arbeid bidrog så med ny kunnskap gjennom fleire utgjevingar i dei påfølgjande åra. Etter påtrykk frå mellom andre Kielland-nettverket gjekk Riksrevisjonen gjennom myndigheitene si handsaming av Kielland-ulukka i 2021. Etter dette vart eit eige dokumentasjonsprosjekt for ulukka oppretta, tilknytt Oljemuseet i Stavanger. Som ein del av dette prosjektet gjorde ei tverrfagleg gruppe frå Universitetet i Stavanger nye arkivstudiar både i Noreg og i Frankrike. Kampen som overlevande og pårørande har ført for ei statleg erstatningsordning, er i dag, 46 år etter ulukka, i ferd med å verte ein realitet.

Kva plass har Kielland-arkiva hatt i denne utviklinga av kunnskapen om ulukka og i kampen for ei statleg erstatningsordning?

I 2019 blei det omfattande arkivet etter granskingskommisjonen digitalisert og gjort tilgjengeleg for alle i Digitalarkivet. Seinare har fleire arkiv kome til, og i dag er kring 200 000 dokumentsider skanna og gjort søkbare i Digitalarkivet. I denne artikkelen spør vi sentrale aktørar innan forsking, media, arkiv og dei som vart råka av ulukka, om arkivet sin plass og verdi.

Arkivet hang bakpå

Heilt sentral i forskinga på Kielland-ulukka har professor Marie Smith-Solbakken ved Universitetet i Stavanger vore. Allereie i arbeidet med doktoravhandlinga si, Oljearbeiderkulturen: historien om cowboyer og rebeller (1996), vart ho klar over at sentrale delar av Kielland-historia ikkje var fortalde:

Marie Smith-Solbakken går i en lys glasskorridor ved Universitetet i Stavanger.
Marie Smith-Solbakken professor ved Universitetet i Stavanger

– Eg hadde snakka med mange oljearbeidarar og merka at dette var ei porøs sak med ein nesten eksplosiv energi, seier Smith-Solbakken.

Det var likevel først då ho og fotografen Tord Paulsen i 2014 byrja snakke om eit felles prosjekt rundt Kielland-ulukka, ho gjekk djupare inn i materialet. Då ho byrja dette arbeidet, var det lite av Kielland-arkivet som var kjent for henne. Ho hadde lese granskingskommisjonen sin rapport frå ulukka og visste at det fanst politiavhøyr og underrapportar.

Etter at ho søkte om forskarinnsyn i større delar av arkivmaterialet, tok det lang tid før ho fekk eit positivt svar. Forskarinnsynet sette samstundes klare føringar for arbeidet med tematikken. Ho kunne ikkje nytte det ho fann i politiarkivet, til å finne informantar, men måtte gjere seg ferdig med innhenting av dei munnlege forteljingane først. I hennar forsking var ikkje dette eit problem, sidan ho «bygde denne nedanfrå» gjennom ei brei innsamling av munnlege kjelder, men ho syntest arkivet hang bakpå.

– Frå Arkivverket var meldinga at dette arkivet alltid hadde vore ope for innsynssøknader, men det var jo ein byråkratisk jungel som ingen av dei overlevande eller pårørande hadde funne fram i.

I eiga forsking opplevde Smith-Solbakken eit gjennombrot då ho studerte ein av underrapportane, Emil Aall Dahle sin stabilitetsrapport, som var ein del av grunnlaget for granskingskommisjonen sin sluttrapport:

– Eg såg at denne var nivellert vekk, og at den forsvinn i granskingskommisjonen sin rapport.

Fleire avslag

Tommas Torgersen Skretting og Ellen Kongsnes var dei to journalistane som først tok tak i Kielland-saka hjå Stavanger Aftenblad. For Skretting byrja interessa for saka med eit tips frå ei informert kjelde om at det var avgjerande operasjonelle forhold ved riggen som ikkje hadde kome fram i granskinga av ulukka.

I arbeidet med tipset, som seinare også vart utgangspunktet for boka Alexander Kielland-ulykken: tragedien, spillet og hemmelighetene som kunne ha veltet en oljenasjon (2019), opplevde han at det først var gjennom arkivstudiar han kom til eit større gjennombrot. Men det var på ingen måte enkelt.

Som journalist fekk han først to avslag på søknader om innsyn i privatarkivet etter Stavanger Drilling. Dette var arkivet etter selskapet som eigde Alexander L. Kielland, avlevert til Statsarkivet i Stavanger då selskapet vart avvikla. I tredje forsøk fekk Skretting innsyn i selskapsarkivet, som han omtalar som «ei skattekiste». Også då han søkte innsyn i arkivet etter granskingskommisjonen, fekk han som journalist først avslag. I innspurten av bokarbeidet fekk han derimot tilgang til dette materialet, som kort tid etter også vart digitalt tilgjengeleg for alle.

Gjennom arkivet etter Stavanger Drilling bygde Skretting opp ei forståing av det operasjonelle og fann også hovudkarakteren til bokprosjektet sitt om ulukka. Heilt sentralt var også politiet sin hovudrapport med avhøyra etter ulukka.

– Det som byrja med stengde dører, var til slutt til nesten full openheit, er Skretting sitt inntrykk av møtet med Kielland-arkiva.

Det var nesten ingen som spurde

Eivind Skarung er i dag fungerande avdelingsdirektør for tilgjengeleggjering, arkivdata og publisering hjå Nasjonalarkivet. Då innsynssøknader knytte til Kielland-arkiva byrja kome, var han tilsett i oljearkivprosjektet ved Statsarkivet i Stavanger og slik tett på den prosessen. Han fortel at det er dei mange sensitive personopplysningane som har vore den store utfordringa når det gjeld innsyn i Kielland-arkiva.

Bakgrunnen for den storstilte digitaliseringa av materialet var at det ville gjere jobben for arkivet enklare og lette sakshandsaminga:

– Omfanget av materialet er så stort at vi hadde ikkje ressursar til å lese dokument igjen og igjen for kvar innsynsførespurnad.

For å realitetshandsame innsynssøknader måtte arkivarane gjennom kvart dokument for å luke ut det personsensitive. Den storstilte opninga og digitaliseringsjobben var difor noko som i sum reduserte sakshandsamingsarbeidet.

Men om opninga faktisk letta arbeidet for arkivet, kvifor vart ikkje dette materialet gjort tilgjengeleg før det hadde gått nærmare 40 år sidan ulukka?

– Det var nesten ingen som spurde om tilgang til dette arkivmaterialet. Innhaldet i desse arkiva er ikkje hemmeleg. Grunnen til at dette materialet ikkje var offentleg tilgjengeleg, var at det inneheld så mange personsensitive opplysningar.

Skarung påpeikar samstundes at ein del av arkivmaterialet fort kunne gått tapt:

– Arkivet etter Stavanger Drilling vart avlevert til oss i 2001, fordi det var nokon i selskapet som tenkte at dette ikkje burde kastast. Sidan dette var eit privatarkiv, var dei ikkje underlagt avleveringsplikt,

I hans forståing syner dette kor viktig det er med synlege regionale arkivinstitusjonar:

– Hadde det ikkje vore eit Statsarkiv i Stavanger på den tida, så hadde arkivet etter Stavanger Drilling gått tapt.

Frå pårørande til forskar

Smilende skallet mann i mørkeblå poloskjorte mot lys bakgrunn.
Frode Fanebust, historikar og økonom

Frode Fanebust møtte først Kielland-forskinga gjennom minneinnsamlinga leidd av Marie Smith-Solbakken. Far hans, Baste Fanebust, hadde leidd redningsarbeidet på Ekofisk-feltet i timane etter ulukka, og i minneinnsamlinga deltok sonen Frode som pårørande. Seinare har han sjølv forska på og skrive om ulukka gjennom boka Katastrofe og korrupsjon. Det skjulte spillet etter Alexander L. Kielland-ulykken (2022), men også som del av den tverrfagleg forskargruppa ved UiS som har gjort nye arkivstudiar. I gruppa var også jurist Eva Joly, stipendiat Tor Gunnar Tollaksen og professor Marie Smith-Solbakken. Fanebust meiner at tilgang til arkivmaterialet etter ulukka har vore viktig:

– Før dette materialet vart tilgjengeleg, var det ei autoritativ stemme i forståinga av ulukka, og det var granskingskommisjonen sin rapport. Med tilgjengeleggjeringa vart det mogeleg å sjå på saka med eit nytt og kritisk blikk, som har fått fram nye forteljingar.

Sjølv om overlevande og pårørande kanskje ikkje har vore dei ivrigaste brukarane av arkivet, meiner Fanebust det har vore svært viktig for dei. Sentralt står forståinga av ansvar:

– Den utløysande årsaka vart sjølve årsaka, og alt som handla om tryggleik i drifta av riggen etter at den vart levert, vart tona ned, oppsummerer Fanebust.

I sluttrapporten frå forskargruppa heiter det: «Gjennom en systematisk analyse av etterforskningen, granskingen og den politiske behandlingen av ulykken, belyser rapporten hvordan nasjonale interesser og hensynet til Norges rolle som oljenasjon påvirket håndteringen av landets verste industriulukke.»

I arbeidet til gruppa står analyse av både politiet sitt biletmateriale og Emil Aall Dahle sin stabilitetsrapport sentralt, noko som «bekrefter at operasjonelle forhold, spesielt de åpne dørene og lukene, spilte en avgjørende rolle i katastrofen».

Samanhengane er komplekse, men det er samstundes eit av hovudpoenga i denne rapporten, som slår fast at overlevande og etterlatne «ble berøvet en sannhet der også systemsvikt og potensielle unnlatelsessynder fra norske aktører kunne ha vært en del av bildet. De ble tilbudt en forenklet sannhet, en sannhet der 123 mennesker mistet livet på grunn av en sveisefeil i et fremmed land».

Kampen for erstatning

Eldre mann med briller, mørk dress og rosa skjorte foran en varm, ensfarget bakgrunn.
Anders Helliksen, styreleiar i Kielland-nettverket

Fanebust påpeikar at det er sjeldan historikarar spelar ei sentral rolle i samfunnsdebatten, men i Kielland-saka vart han invitert til Stortinget for å halde føredrag i ei open høyring for politikarane. Funna som forskarane har gjort i arkiva, har vorte sentrale i den kampen overlevande og etterlatne fører for statleg erstatning etter ulukka. Det er også dette aspektet ved arkivet styreleiar i Kielland-nettverket Anders Helliksen trekker fram når vi tek kontakt.

Helliksen er sjølv ein av dei 89 som overlevde ulukka, og set pris på nye funn som er gjort:

– Det betydde mykje for medlemmane våre då det 5. juni i fjor vart gjort eit vedtak i Stortinget om at det blei etablert ei særskild etableringsordning for dei overlevande og etterlatne.

Vedtaket kom etter eit representantforslag, der det vart vist ikkje berre til ein studie av konsekvensane av den manglande oppfølginga for overlevande og etterlatne, men også til funna forskargruppa ved UiS hadde gjort i sine empiriske studiar.

Kva skjedde med far?

Else M. Tungland intervjues foran kamera ved åpningen av en utstilling på Norsk Oljemuseum.
Else Tungland leidde dokumentasjonsprosjektet ved Norsk Oljemuseum

Else M. Tungland leidde dokumentasjonsprosjektet ved Norsk Oljemuseum. Ho meiner historia om Kielland-ulukka vart utvida då arkiva vart opna:

– Det gjekk frå å vere ei historie om ulukka til å verte kvar enkelt si historie, er hennar inntrykk.

For mange av dei pårørande har det viktigaste vore å få svar på kva som skjedde med far. Særleg barna, som ikkje var så store at dei vart inkluderte i det som skjedde, har hatt eit enormt behov for å vite:

– Vi har fått spørsmål om kven som fann far, kva han hadde på seg, og liknande ting. Eg trur ikkje dei som har teke vare på arkivet, hadde tenkt at det skulle få denne funksjonen, men det har vore kjempeviktig for enkeltpersonar.

Dette sterke ønsket frå mange pårørande om å få vite mest mogeleg om sine nære, er også det professor Marie Smith-Solbakken trekker fram som det viktigaste ved arkivet:

– Dei pårørande har levd med konsekvensane og treng å få vite kva som skjedde med pappa.

Forfattaren har motteke støtte frå Fritt Ord i arbeid med artikkelen.

Kilder

Artikkelen bygger på intervju med Marie Smith-Solbakken, Frode Fanebust, Tommas Torgersen Skretting, Eivind Skarung, Else M. Tungland og Anders Helliksen.

Fanebust, Frode og Smith-Solbakken, Marie: Katastrofe og korrupsjon. Det skjulte spillet etter Alexander L. Kielland-ulykken (2022)

Skretting, Tommas Torgersen: Alexander Kielland-ulykken: tragedien, spillet og hemmelighetene som kunne ha veltet en oljenasjon (2019)

Tungland, Skarung, Tungodden og Lindberg: «The Alexander L. Kielland disaster and its aftermath» (2023)

Smith-Solbakken, Joly, Fanebust og Tollaksen: «Empiriske undersøkelser av myndighetenes oppfølging av ansvar etter Alexander L. Kielland-ulykken» (2025)

Powered by Labrador CMS