YTRING 

Moralske peikefingrar og føresetnader utan ansvar

Debatten om arkivet etter Oslo-prosessen handlar mindre om tapte dokument og meir om uavklarte roller og manglande ansvar. Når politisk gransking og moralsk fordømming erstattar rettsleg avklaring, vert historia fortald – medan rettsstaten står stille.

Publisert Sist oppdatert

Arkiv & meiningar

Meiningar i kommentarar, debattinnlegg, kronikkar, essay eller kåseri står for skribenten si eiga rekning.

Har du noko på hjartet? Send teksten din som vedlegg til post@aksess-tidsskrift.no

Debatten om arkivet etter Oslo-prosessen har blussa opp att. Fleire tek til orde for politisk gransking i namn av openheit og demokrati. Det er forståelege ambisjonar. Samstundes reiser det eit meir grunnleggjande spørsmål: Er politisk gransking rette verkemiddel – eller er ho eit symptom på at rettsstatens ordinære mekanismar ikkje har vore nytta, eller ikkje har vore tilstrekkelege?

Moralsk indignasjon kan peike på eit problem, men utan rettsleg oppfølging forblir ho nett det – indignasjon.

Kjernen i saka er rolleuklarheit. Kva rolle hadde dei involverte i 1993 – statlege utsendingar eller private mellommenn? Når stat og kommunar nyttar uformelle kanalar, personavhengige prosessar og uklare mandat, forsvinn dokumentasjonen ut av det institusjonelle minnet. Den gong då som no vert arkivmangelen eit avleidd problem – og debatten retta mot symptomet, ikkje mot sjølve rotårsaka.

Oslo-prosessen vart teke inn i den utanrikspolitiske sjølvforståinga. Det institusjonelle ansvaret vart det ikkje. Æra vart personifisert – medan ansvaret forblei uavklart. Historiar som vart fortalde var ikkje nødvendigvis dokumentert.

Fleire kjelder har peikt på at sentrale delar av dokumentasjonen frå Oslo-prosessen er bevarte utanfor norsk forvaltning. Om dette skuldast ukultur eller vilje, er nett det spørsmålet UD si eiga vedkjenning av dokumentmangel reiser.

Gitt at dokumenta frå Oslo-prosessen verkeleg er offentlege arkiv, er manglande bevaring og tilgjengeleggjering eit forvaltningsrettsleg spørsmål som burde vore løyst gjennom pålegg etter arkivlova – og i siste instans gjennom strafferettslege konsekvensar. Politisk gransking kan gi merksemd og moralsk temperatur, men ho etablerer ikkje rettsleg presedens og styrkjer ikkje uavhengig institusjonell kapasitet, noko den Nasjonale hukommelsen treng.

Når loverket ikkje vert brukt, eller ikkje strekk til der det er ubehageleg, er det ikkje arkiva som sviktar – men rettsstaten. Då risikerer vi at historia vert ståande att som sjølvbiografiar og ikkje som etterprøvbar forvaltning.

Powered by Labrador CMS