KRONIKK

Arkivert – men ikke gjenfunnet

Har du tenkt på at mange av systema ein kjøper inn ikkje har nynorsk som alternativ? Dersom svaret er nei, er du nesten garantert bokmålsbrukar!

Publisert Sist oppdatert
Smilende kvinne med briller i blazer poserer ved et vindu innendørs
Kva skjer med attfinninga om ein gløymer ut nynorsken, eller når ein blandar målformene i same dokument, spør Sandra Valskog.

Som nynorskbrukar må ein dagleg kjempe store og små kampar for at ein skal kunne arbeide, lese og skrive på si eiga målform. Ein må bruke mykje tid på å omsetje frå bokmål til nynorsk og endre språkinnstillingar, uansett kor mykje ein vel nynorsk som standard, og ein må alltid vente ekstra lenge for å «få det på nynorsk» dersom det i det heile teke kjem.

Men kva har dette å seie for arkiva og arkivdanninga? Er det så viktig? Vi er mange som fryktar for at nynorsken skal forsvinne. Kva skjer då med rettigheitsdokumentasjonen i arkiva våre, dersom framtidige generasjonar ikkje forstår innhaldet fordi vi ikkje tok vare på språket? Eller kva skjer med attfinninga om ein gløymer ut nynorsken? Eller når ein blandar målformene i same dokument?

Ikkje forankra administrasjonsspråk

Ei stor utfording for kommunar med nynorsk som administrasjonsspråk er at språket gjerne ikkje er forankra hjå alle i organisasjonen. Når ein skriv dei formelle tekstane på vegner av kommunen, nyttar ein gjerne nynorsk, medan svar frå ein sakshandsamar kan kome på bokmål, eller på dialekt … Det største problemet med dette er at ein kan slite med å finne att informasjon. Det er stor forskjell når ein søkjer på omgrep som høyring/høring eller løyve/tillatelse. Då får ein fort ulike treff på begge alternativa. Det same gjeld ulikskapar som bustad/bolig.

Arkiv & meninger

Meninger i kommentarer, debattinnlegg, kronikker, essay eller kåserier står for skribentens egen regning.

Har du noe på hjertet? Send din tekst som vedlegg til post@aksess-tidsskrift.no

Etter ei lita uformell undersøking i nokre av eigarkommunane våre kom det fram at mange har lagt inn som vane at ein søkjer på begge målformer når ein leitar etter informasjon. Ei eg snakka med, sa det så fint: «Det ligg i ryggmargen vår at me må søkje på ord på både nynorsk og bokmål i databasane våre.» Dette har vorte ein vane etter kommunesamanslåinga, der ein sit att med mange og eldre databasar å søkje i, der dei tidlegare kommunane har nytta ulike skrivereglar, gjerne også ulike målformer.

Eit døme eg vil trekke fram der nynorsken sakte men sikkert vert viska ut, er i større samarbeid mellom kommunane, der ein vel språkreglar som er mykje meir liberale og står bokmålet nærare. Det rike og mangfaldige språket vert meir homogent og på mange måtar fattigare. Det endrar også kommunane sine eksisterande skrivereglar, som igjen kan gjere det utfordrande med attfinning.

Nokre kommunar har teke aktive grep for auka bruk av nynorsk. Ein tek gjerne i bruk verkemiddel som KI, ein nynorskrobot, for at sakshandsamarar skal nytte nynorsk meir. Denne kan ein nytte i program som Word, Outlook og PowerPoint. Dette er grep som kan styrke nynorsken, men det krev at kommunen er oppteken av å ha ein god og tydeleg nynorskprofil. Ein dannar også eigne skrivereglar slik at ein skal gjere ting mest mogleg likt, men likevel vert det mange variasjonar. Største utfordinga med ein KI er at ein må kjenne språket for å vite at ein nyttar det rett. Gjer ein ikkje det, risikerer ein at nynorsken vert upresis og gjerne direkte feil. KI er mykje betre på bokmål enn nynorsk, var du overraska?

Språkbruksplan med håp

Heldigvis finst det lys i enden av tunellen for oss som ynskjer å styrke nynorsken. Silje Andvik Hoaas, avdelingsleiar for innbyggjarservice og kommunikasjon i Alver kommune, fortel at dei starta eit prosjekt i kommunen for å få på plass ein språkbruksplan for å forankre nynorsken meir i organisasjonen. Alver hadde ein prosjektperiode med mykje tettpakka program og stor grad av medverknad, der dei fekk innspel frå tilsette i kommunen, innbyggjarar og politikarar. Kommunen hadde i tillegg tett kontakt med dei lokale mållaga, Landslaget for nynorskkommunar (LNK) og Språkrådet. Vidare skal dei etablere eit språkutval og byrje å jobbe med tiltaka i språkbruksplanen. Dei skal lage ein språkprofil med detaljerte reglar for korleis dei skal skrive klar og god nynorsk i kommunen. Dette er eit viktig arbeid for styrke språket i kommunen.

På den ande sida er det fleire tilsette rundt om i nynorskkommunar som kjenner på ei maktesløyse når andre i kommunen nyttar nynorsk berre når ein absolutt må, og tenker at det ikkje er så nøye elles. Nokre rettar i journalpostane så ofte dei kan, men så vert det berre ein drope i havet til sjuande og sist. Dette kan henge saman med utfordringar som at til dømes nasjonal sjekkliste for byggjesak ikkje er laga på nynorsk. Dette gjer det vanskelegare å ta vare på nynorsken, for då nyttar ein gjerne bokmål i staden. Korleis skal ein kunne forvente at neste generasjon skal lære seg nynorsk når samfunnet elles prioriterer bokmål?

Manglande språkalternativ

Har du tenkt på at mange av systema ein kjøper inn, gjerne ikkje har nynorsk som språkalternativ i systemet sitt? Dersom svaret er nei, er du nesten garantert bokmålsbrukar! Når ein skal gå til innkjøp, må ein gjerne presisere at ein vil ha nynorsk språk. Nokre leverer, andre ikkje. Eit døme på eit system for arkiv som ikkje er mogleg å få på nynorsk (endå?), er ASTA 7. Svaret eg fekk på kvifor det ikkje er mogleg å få det på nynorsk, er enkelt; det vert ikkje prioritert. Dei er definitivt ikkje dei einaste som tenker slik. Eg seier det ikkje for henge ut ASTA, men for å gjere bokmålsbrukarar meir medvitne på kor omfattande problematikken er. Documaster, derimot, er tilgjengeleg på nynorsk, så systemutviklarar kan få det til om dei vil!

Når kommunane har eit system med standard tiltar som ein ikkje kan redigere, og som berre er på bokmål, er det ei stor utfordring. Då vert tittelen på bokmål og innhaldet på nynorsk. Akkurat slik som med dette innlegget. Såg du det? Dette gjeld også i integrasjonar og rettleiarar som berre er på bokmål. Men på den lyse sida så er i det minste arkivlova på nynorsk!

Dersom du er bokmålsbrukar, har det nok aldri vore naudsynt å spesifisere at ein ynskjer bokmål som språk i eit system. Eller at ein aktivt må endre språkinnstillingar til bokmål, og gjerne ofte fordi den «hoppar» tilbake til nynorsk sjølv om du valde bokmål som standard. Eg vil gjerne høyre frå den som med handa på hjartet kan seie at eg tek feil!

Powered by Labrador CMS