ARKIVFORMIDLING

To mennesker studerer bilder på en lysende skjerm .
HISTORISKE FOTO: Historiestudentar på besøk hjå fylkesfotoarkivar Anne Tømmervåg.

Kjelde- og kontekstualiseringsarbeid for studentar

Noko magisk skjer i rommet når studentane knekkjer koden og går frå oskegrå andlet til tindrande auge. Det er ikkje kvar dag ein arkivar eller bibliotekar får sjå slikt, men i møte med studentar frå Høgskulen i Volda skjer det støtt og stadig.

Publisert

Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal (IKAMR) har mykje glede av samarbeida med høgskulebiblioteket, lærarutdanninga og Historisk institutt ved Høgskulen i Volda om kjelde- og kontekstualiseringskurs. Som utdanna historikarar er dette ein fantastisk måte å kombinere eiga utdanning og eige arbeid på. Å få lov til å vere i lag med studentane og bidra i deira læringsprosess er eit privilegium. Vi gler oss med studentane når dei kjenner på meistring og utviklar eiga interesse for arkivkjelda dei har valt, og sjølve ønskjer å undersøke og finne ut meir.

Arkiv + bibliotek = betre utdanning

IKAMR og biblioteket ved Høgskulen i Volda har vore involverte i eit prosjekt saman med Avdeling for samfunnsfag ved Høgskulen i Volda sidan hausten 2021. Trudi Henrydotter Eikrem (førstelektor ved Avdeling for samfunnsfag), Åsta Vadset (rådgivar ved IKAMR) og Elin Gundersen (rådgivar ved høgskulebiblioteket) har samarbeidd om å utvikle kjeldearbeid som metode i lærarutdanninga.

Då Historisk institutt vart kjende med opplegget vårt, ønskte dei også å nytte arkivar og bibliotekar som lærarressursar i eit tilsvarande kurs. Kursa vert i dag nytta ved Avdeling for samfunnsfag og historie i utdanning av lærarstudentar og historiestudentar.

Bildet viser fem mennesker inne i et rom med høye reoler med permer og arkivbokser i
I ARKIVMAGASINET: Historiestudentar på omvisning i magasinet saman med Åsta Vadset, rådgjevar for private arkiv og Åsmund Svendsen, førsteamanuensis ved Historisk institutt, Høgskolen i Volda.

Samarbeidet med lærarutdanninga

Ved lærarutdanninga er kurset ein del av samfunnsfagundervisninga i det tredje studieåret. Målet er at studentane gjennom forsking skal reflektere over openheit og informasjonsflyt som eit demokratisk prinsipp, vurdert ut frå korleis arkiv, bibliotek og høgare utdanning påverkar kvarandre. Dette gir eit godt grunnlag for å utvikle kritisk refleksjon og inngår i opplæringa om demokrati.

I kurset får studentane arbeide med mikroforsking. I Canvas har dei tilgang til arkivkjelder, litteratur, fotografi og gjenstandar som er digitiserte. Dei startar med å velje ei primærkjelde frå arkivet som dei skal transkribere og tolke. Dei kan velje mellom ulike tema som helse, sosial og barnevern, globalhandel, skule og fritid. Primærkjeldene og funna vert sette inn i ein større historisk kontekst ved hjelp av andre primærkjelder, sekundærkjelder, fotografi eller gjenstandar, og vidare undersøkt i lys av nyare forskingslitteratur.

Dei to første åra blei kursa haldne som eindagssamlingar, og for IKAMR sin del rekna vi ressursane vi brukte, som ein del av samfunnsoppdraget vårt. Høgskulebiblioteket skal støtte opp om forsking og blei med i prosjektet som ein del av kurs- og rettleiingstilbodet sitt. I 2023 og 2024 var undervisning, innhenting av forskingsdata, artikkelskriving og utvikling av samarbeid i sektoren finansiert av utviklingsmidlar frå Arkivverket.

Frå 2025 har vi inkludert Institutt for samfunnsfag, religion og etikk / lærarutdanninga ved Universitetet Innlandet, Universitetsbiblioteket i Innlandet, Innlandet fylkesarkiv / IKA Opplandene, Statsarkivet i Hamar og Anno museum i samarbeidet. Dette for å fremje nytenking og utvikling i lærarutdanninga så vel som på arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet.

Fire personer står, en sitter og på bordet foran oss ser vi en bunke gamle håndskrevne dokumenter
I ARKIVET: Historiestudentar på omvisning i IKA Møre og Romsdal. Her hos Gudmund Valderhaug.

Samarbeidet med Historisk institutt

På innføringsemnet ved Historisk institutt er målsettinga å lære studentane grunnleggjande innføring i sentrale metodar, teoriar og arbeidsmåtar i historiefaget, med vekt på kjeldebruk og kjeldekritikk. Her jobbar vi på same måten med kjelder og kontekstualisering, men vi fokuserer i større grad på historiefagleg metode. I dette kurset får studentane velje mellom kjelder som er knytte til to tema: migrasjon til Amerika og den amerikanske borgarkrigen. Det vert parallelt gitt temaforelesingar knytt til dei same emna, i tillegg til metodeforelesing.

Eit besøk ved IKAMR inngår i dette kurset. Her får studentane nærare kjennskap til korleis arkivforvaltning føregår, og dei får treffe fagpersonar som fortel om føremålet med arbeidet dei gjer heilt konkret. Dessutan får dei nærkontakt med kjeldene, noko som tilfører ein heilt annan dimensjon enn tilgangen dei har via digitiserte filer.

Innleige av undervisningsressurs frå IKAMR er finansiert av Historisk institutt. Vårsemesteret 2025 er andre året arkivar og bibliotekar deltek.

Ulik kompetanse

I tillegg til å vere den som har hovudansvaret for kjeldeval, er arkivaren sin kompetanse i kursa tolking av handskrift, vanskelege ord, uvand setningsoppbygning, gi tips og råd i arbeidet og lære bort ein praktisk metode som fungerer i arbeidet med tolking og transkribering. I tillegg kjem kunnskap om kommunal administrasjonshistorie og erfaringsbasert kunnskap frå sakshandsaming godt med. Opphavshistorikken til kjeldene vi brukar i kurset, er også ein viktig del av arkivaren sin kompetanse.

Hovudansvaret til bibliotekaren er opplæring i informasjonskompetanse. Studentane lærer å finne, vurdere og bruke kjelder og litteratur. Studentane vert òg meir bevisste på kva biblioteket har av litteratur (tidsskrift, bøker, bygdebøker, aviser og liknande) og databasar, som dei kan bruke til oppgåvene sine. For å hjelpe studentane med å sette primærkjelda inn i ein kontekst kan bibliotekaren gi rettleiing om korleis arkivmaterialet kan brukast og forståast i samanheng med andre kjelder og annan informasjon.

Ulike mål Dei to kursa inneheld mange av dei same elementa, men har ulikt føremål og vert derfor noko ulikt vektlagde når det gjeld innhald. Det som skil dei to kursa på lærarutdanninga og historie, er først og fremst at målet med oppgåvene er forskjellig. Lærarstudentane skal skrive ei didaktisk oppgåve, medan historiestudentane skriv om metodikken og kjeldebevisstheit. Vi har òg meir sjølvstende i korleis kurset vert gjennomført på historie enn på lærarutdanninga, noko som er naturlig, då vi ikkje er lærarar sjølve.

Felles for begge er at hovudelementa er tolking av kjelder og kontekstualisering av desse kjeldene. Undervisninga føregår delvis i det digitale klasserommet Canvas og delvis ved fysiske samlingar med vekt på tett læringsstøtte frå arkivar og bibliotekar. Eit anna felles moment er å lære studentane kva arkiv er, at vi alle finst i arkiva, og kvifor dokumentasjon om oss vert bevart framover i tid. Erfaringane våre frå begge desse samarbeida er veldig gode, og det er spennande å bruke same inngangsvinkel med to ulike mål.

Fire mennesker står i et mørkt rom. De står ved en skjerm som lyser på et bord.
HISTORISKE FOTO: Historiestudentar på besøk hjå fylkesfotoarkivar Anne Tømmervåg.

Nysgjerrigheit og meistringsfølelse

Fagområda våre vert brukte på nye måtar, og vi som fagpersonar vert utfordra til å bruke oss sjølve annleis. Spørsmål og diskusjonar som kjem opp i arbeidet med studentane, gir oss også nye perspektiv på fagfelta våre. Det å forhalde seg til målgruppa studentar gir oss personleg svært mykje. Å bidra til den progresjonen vi ser at studentane får i desse kursa, er veldig motiverande for oss. Vi opplever at bruken av kjelder på denne måten kan føre til nysgjerrigheit, engasjement og entusiasme.

I starten synest studentane at det kan vere veldig vanskeleg å tolke handskrifta i kjeldene. Men der er ei stor drivkraft – og det er nysgjerrigheita på kva kjelda fortel vidare. Og den nysgjerrigheita spelar vi på! Det har også vist seg at å lese gammal handskrift, og å få det til, gir studentane ein skikkeleg meistringsfølelse. At akkurat det bidreg til motivasjon og engasjement – når ein er over den første kneika. Det er ingen tvil om at verdien av tett læringsstøtte er sentral for læringsprosessen og for sluttresultata i desse kursa.

Kva erfarer studentane?

Frå studentloggane og tilbakemeldingane kan vi sjå at studentane sjølve meiner dei har eit godt læringsutbytte av å jobbe med kjelder i mindre grupper og med tett læringsstøtte undervegs. Dei ser òg relevansen mellom det dei lærer, og oppgåvene dei skal skrive, noko som gir motivasjon. Studentane seier sjølve at dei kjenner på meistringskjensle og at det er spennande når dei kjem ordentleg i gang med kjeldene. Av loggane ser vi òg at studentane opplever det befriande å konsentrere seg om berre ei kjelde, at dei opplever det som avstressande, og at det motiverer til arbeidsglede.

Studentane peikar på at kontekst er viktig for å forstå det større biletet til arkivkjeldene dei sit med. Dei seier at det er vanskeleg å vite kva informasjon som er relevant, men at dei får ei djupare forståing og oversikt over korleis ting heng saman, og at det vert ei meir utfyllande historie. Dei ser òg ulike perspektiv, forskjellar i historia og meiner at arbeidet med kjeldene fremjar historiebevisstheita deira.

Studentane seier òg at dei får ein forsmak på kva ein forskingsprosess er, og at dei lærer innsamling og analyse av data. Dei meiner at det er tidkrevjande, men at det er spennande å sjå ein større samanheng. Dei meiner òg at ein byggjer empati og evne til å sjå andre sin ståstad, spesielt ved å lære historie gjennom personlege forteljingar.

Arbeid med primærkjeldene gjer studentane bevisste på kor viktig kjeldekritikk er, og dei meiner at dei etter kurset betre forstår forskjell på primær- og sekundærkjelder. Dei set òg pris på fri tilgang på informasjon gjennom arkiv- og bibliotektenestene.

En gruppe unge mennesker jobber med hver sin datamaskin på et stort bord.
TRANSKRIBERING: Lærarstudentane jobbar gjerne i lag om transkribering av kjelder og kontekstualisering.

Kva har vi igjen for desse samarbeida?

Gjennom dessa samarbeida har IKAMR opna arkiva for nye brukarar, og studentane får innsikt i kva arkiv kan innehalde, kva funksjonar arkiv kan ha i samfunnet, og korleis ein arkivinstitusjon arbeider. Kursa ved lærarutdanninga har potensielt eit stort nedslagsfelt i skulen, når studentane i framtida skal utøve yrket sitt. Kanskje kan kurset også bidra til rekruttering til arkivfeltet ved at studentar fattar interesse for arbeidet og prosessane vi jobbar med, eller at vi får studentane på lesesalen under arbeid med masteroppgåve, som forskarar eller av privat interesse.

I dette samarbeidet har biblioteket moglegheit til å kome tettare på studentane og følgje dei opp over fleire møte, noko som ikkje er vanleg med dei fleste av bibliotekkursa. Dette gir moglegheit til å få erfaringar og betre forståing, skape medvit og kunnskap om studentane og kva dei meiner og treng, noko som kan skape idear til nye tilbod ein kan utvikle ved biblioteket.

Det er lett å tru at biblioteket berre låner ut bøker og set dei på plass att, men biblioteket er ein ressurs som er open for alle. Høgskule- og universitetsbibliotek skal støtte opp om forsking, og personalet har brei kunnskap og fagleg kompetanse som studentane kan ha god nytte av i studietida eller seinare som forskarar. Ein ser òg at det faglege samarbeidet er positivt for å gjere biblioteket meir relevant for studentane og studia deira. Studentane blir tryggare på biblioteket og bruken av ressursane våre, og fleire av studentane har kome og fått hjelp ved biblioteket seinare. Dei får ei breiare forståing for kva eit bibliotek eigentleg er.

Kva seier studentane?

Studentar ved lærarutdanninga i Volda (henta frå logg)

«Eg opplever arbeidet med primærkjelder som utfordrande, men likevel ser eg verdien i arbeidet. Det er tidskrevande og krev ein del disiplin av meg som student, men eg ser likevel at dette vil opne for ny forståing og kunnskap rundt tema, noko som er viktig for meg som framtidig samfunnsfaglærar. Arbeidet med primærkjelder gir ny kunnskap om historie, korleis samfunnet har endra seg over tid og ikkje minst kor viktig det er å vere bevisst på kjeldekritikk.»

--

«Arkiva er med på å gje innsikt om både personar og enkeltmenneske, og samtidig samfunnet som heilheit. Samtidig bidreg arkiva til ei unik innsikt i historia. I tillegg blir ein klar over retten til innsyn, og kor mykje informasjon som faktisk blir lagra om ein.»

--

«Det å kunne se det helhetlige bildet og sette noe inn i en større sammenheng er en egenskap alle mennesker trenger å utvikle. Det går på oppbygging av empati og evnen til å kunne sette seg inn i andres ståsted og meninger.»

--

Historiestudent i Volda, 2025

«Kjelde og kontekstualiseringskurset har vore nyttig på mange måtar. Det har gitt meg eit nytt innblikk i historia der ein får erfare korleis historikarar nyttar seg av kjeldemateriale. Det har særleg vore til hjelp då oss har jobba med kjeldeoppgåver, der ein tolkar innhaldet i kjeldene på ein ny måte. Eg har også fokusert meir på å vere kjeldekritisk, og brukt ulike metodar som å identifisere styrker og svakheiter ved kjeldene, vurdere truverd, samt funksjonen til kjeldene eg nyttar meg av. Kurset har også vore interessant der ein får eit innblikk i ulike typar kjelder, særleg primærkjelder som vi ikkje har vore særleg kjent med frå før. Då vi har arbeida med primærkjelder har det også vore nyttig å lære korleis ein skal tolke desse, og drive med gransking i arkiv for tilleggsinformasjon. Vi har også fått nytte av korleis ein kan søke etter informasjon, litteratur og personopplysningar i bibliotek og arkiv.»

--

«Ikkje berre var det interessant og verdifull kunnskap men det var også gøy å sjå nærmare på korleis ein skal forhalde seg til kjelder, korleis å bruke dei på ein god og kjeldekritisk måte, samt korleis å betre historiesere dei (sette dei inn i historisk kontekst). Noko som ikkje berre vil vere særdeles viktig vidare i historiefaget, men også i andre fag og i kvardagen. I tillegg har vi fått opplæring i ulike verktøy som har vore veldig nyttige i å finne kjelder og informasjon som blant anna har vore svært nyttig i prosessoppgåver. Vidare fekk vi innblikk i korleis/ kva arbeid ein har på arkiv, og fekk sjå nokon gamle kjelder på eigen hand, noko som igjen var spennande og interessant, men som og gir innblikk i eit mogeleg framtidig yrke etter utdanninga.» 

--

«Ja, kilde- og kontekstualiseringskurset har vært nyttig for meg som historiestudent. Det har gitt meg en dypere forståelse av hvordan man analyserer og tolker kilder kritisk, noe som er essensielt for historiefaget. På den ene siden har kurset lært meg å vurdere kildenes opprinnelse, formål og troverdighet, noe som hjelper meg med å skille mellom pålitelige og mindre pålitelige kilder. Jeg har også fått innsikt i hvordan ulike perspektiver og kontekster påvirker kildemateriale, noe som gjør meg mer bevisst på historiske framstillinger og tolkninger. Alt i alt har kurset vært svært nyttig fordi det har styrket både mine analytiske og metodiske ferdigheter, noe som vil være verdifullt videre i historiestudiet.»

Powered by Labrador CMS