Erfaringsdeling

DOKUMENTERER LEVD LIV: Materialet dokumenterer på ulike vis spor av levd liv, kultur, verdiar og tradisjonar kvenske/norskfinske innvandrarar tok med seg til Varanger. Fotografiet viser kvinne i Tuomainengården 1977.

Varangerarkiver – tilgjengeleggjering av kvenske arkiv

Varanger museum har motteke prosjektmidlar frå Arkivverket for å gjere arkivmateriale knytt til kvensk/norskfinsk historie og kultur tilgjengeleg under ein felles emneknagg på Digitalarkivet.no.

Publisert Sist oppdatert

Prosjektet tek sikte på å danne ei nettbasert samling av det fysisk spreidde materialet. Ved å gjere materialet digitalt tilgjengeleg ønskjer vi blant anna å gjere det relevant for notidas kvener som søkjer informasjon om eiga historie og eigen kultur. Målet er at sju hyllemeter arkivmateriale knytt til kvensk historie og kultur skal vere ordna, registrert og publisert på Digitalarkivet ved prosjektslutt.

FINSK TRADISJON I VARANGER: : Kvenene tok med seg badstutradisjonen frå sine heimland og vidareførte den i Varanger. Fram til ca. 1970-tallet var det vanleg med fellesbadstuer for vener og nabolag i kvenske/norskfinske bygder og bydelar i Vadsø. Fotografiet er tatt utanfor Ratkainenbadet i Vadsø, ca. 1955.

Kvener i Aust-Finnmark

Kvener er finsktalande folk som innvandra og migrerte i hovudsak frå Finland, Sverige og Russland til Finnmark og Nord-Troms. Varangerfjorden sine rike fiskeressursar var ei viktig årsak til at folk kom til Aust-Finnmark, i hovudsak frå 1830-talet og fram til den andre verdskrigen. På 1860-talet hadde Vadsø eit fleirtal av kvenske innbyggjarar.

Frå kring 1850 og fram til den andre verdskrigen vart kvenene hardt råka av fornorskingspolitikken, som tok sikte på å viske ut kvensk og samisk språk og kultur til fordel for «det norske», mellom anna som ledd i sikkerheitspolitikken overfor Russland. I tillegg var det aukande nasjonalistiske strøymingar der fellesskap i språk og kultur skulle definere nasjonalstaten. Etter 1870 sette også sosialdarwinismen sitt preg på vitskapeleg tenking, samfunnsdebatt og politikk. Kvensk/finsk vart forbode som kyrkjespråk og som undervisningsspråk i skulen frå 1880. I 1936 kom det også forbod mot å bruke kvensk og samisk som hjelpespråk i undervisninga. I 1902 kom jordbrukslova som forbaud andre enn norsktalande å kjøpe jordeigedom.

I Varanger står det kvenske sterkt også i dag og har sett sitt tydelege preg på samfunnet. Dette kjem til syne i matskikkar, byggjeskikk, utsmykking, songtradisjonar og kulturelle aktivitetar og er ein naturleg, integrert del av kulturen i Varanger.

Kvener i dag

Kvener eller norskfinnar har hatt status som nasjonal minoritet i Noreg sidan 1998. I 2005 vart kvensk nasjonalt minoritetsspråk. Antal kvener i Noreg i dag er usikkert, fordi dette baserer seg på sjølvidentifisering. Tal oppgjeve av norske styresmakter, kvenske organisasjonar og forskarar strekker seg frå 10 000–70 000. Ei undersøking på slutten av 1980-talet viste at 18 000 personar i Finnmark definerte seg som kvenske eller finskætta

TRADISJONELLE KOMBINASJONSHUS: Varangerhus bygd i 1891 på Smelror i Vardø kommune. Kombinasjonshus med bustadhus og fjøs knytt saman med ein indre midtgang. Varangerhuset har prega landskapet i Varanger og er ei verdifull kulturarv for kvener/norskfinnar og øvrig befolkning i Varanger.

Prosjektet Varangerarkiver: kvensk/norskfinsk historie og kultur

Vadsø museum – Ruija kvenmuseum er nasjonalt ansvarsmuseum for kvensk historie og kultur, og konservator Tove Kristiansen er fagleg rådgjevar i prosjektet Varangerarkiver: kvensk/norskfinsk historie og kultur. Avdelingane Vadsø museum – Ruija kvenmuseum, Vardø museum og Grenselandmuseet i Kirkenes utgjer Varanger museum IKS, som oppbevarer kring 320 hyllemeter arkivmateriale. Det er hovudsakeleg arkivsamlinga i Vadsø, på 35 hyllemeter, som er gjenstand for prosjektet, men materiale frå Vardø og Kirkenes er også omfatta.

Materialet dokumenterer på ulike vis spor av levd liv, kultur, verdiar og tradisjonar kvenske/norskfinske innvandrarar tok med seg til Varanger, og som har fått leve vidare gjennom generasjonar og gjennom dokumenta. Kvart arkiv består av eit fåtal, og gjerne berre eitt, dokument. Tematisk er materialet svært variert; kokebøker, dokumentasjon knytt til finsk reingjerdebygging, private brev både innanfor og over landegrensene, fotoalbum, byggjeteikningar, eigedomsdokumentasjon og lydband med finske læstadianske salmar. Innhaldet er det avgjerande når vi vurderer kva som skal inngå i prosjektet, ikkje etnisiteten til arkivskaparen.

Frå kvenkladd til konfiskert russisk sakprosa

"Kvænkladde" (1894–98), ein protokoll etter Brodtkorb handel i Vardø, dokumenterer handelen verksemda dreiv med kvener busett på Kolahalvøya i Russland. Protokollen viser namn på dei som har kome sjøvegen til Vardø for å handle varer, kva type varer dette bestod av, og økonomiske oppgjer.

Protokollen har truleg ikkje vore opna etter brannen i 1898. Vi har valt å opne protokollen, med ytste varsamheit, og avfotografere den. Etter avfotograferinga vart den sperra for fysisk bruk og den digitaliserte utgåva vart publisert på digitalarkivet.

VADSØ: Frans Aldrik Mækelæ og Anta Jankila ved Mækælæs bu i Ytrebyen i Vadsø, ca. 1925.

Etter publisering på Digitalarkivet er delar av kvænkladden trykt i ei russisk sakprosabok skriven av den finsk-russiske forfattaren Agnessa Haykara i 2020. I boka rettar ho søkjelys mot Stalin sine overgrep mot kvener i tiåra etter den russiske revolusjonen. Boka vart konfiskert av FSB, ei russisk føderal tryggingsteneste, og etter å ha blitt tiltalt for ekstremisme måtte Haykara flykte til Finland i frykt for si sikkerheit. Ei norsk omsetting ved Orkana Forlag er på trappene.

Forfattaren sin situasjon understrekar kor viktig det er at arkivbevarande institusjonar kan garantere for det autentiske originalmaterialet, og at arkiv knytt til kvensk historie har høg relevans for notida.

DEN INNHOLDSRIKE KVENKLADDEN: Protokollen etter Brodtkorb handel i Vardø (1894-1898), dokumenterer handel med kvener busett på Kolahalvøya i Russland og viser namn på dei som har kome sjøvegen til Vardø for å handle varer, kva type varer dette bestod av, og økonomiske oppgjer. Arkivskapar: Brodtkorb Handel AS.

Tuomainengården – museum og arkiv

Den kvenske Tuomainengården (bygd i 1851 av Johan Petter Vinikka) ligg i Ytrebyen i Vadsø og er eit av Vadsø museum-Ruija kvenmuseum sine museumsanlegg. I 1918 blei huset kjøpt av Karoline og Karl Tuomainen, som dreiv med fiske og småbruk og hadde sauer, kyr, okse og hest. Garden var i familiens eige til 1980-talet, då den blei testamentert til Vadsø kommune. Det var òg drive badstu og bakeri på garden. Den gamle bakaromnen er rekonstruert og blir brukt i museumsdrifta.

I tidlegare tider kom nabolaget for å bruke omnen mot betaling. Betalinga kunne vere ved, for brensel var dyrebart i det trefattige Vadsø. Brøda folk hadde med, blei sett til heving på treplater oppunder taket i bakeriet. I tillegg bakte dei mellom anna kuumavesileibä (varmvassbrød), jälkiarinaleibä (eldstadbrød), puolivahva (kvenkake) og kalakukko (fiskebrød). Til jul blei det bakt mange kilo kveitebrød.

Arkivmateriale som belyser aktiviteten ved Tuomainengården, er spreidd og har fleire arkivskaparar. Av di det ofte er enkeltdokument og dei ikkje er registrert etter dagens standard, «forsvinn» materiale i den store mengda. Det fysiske materialet skal ha sin integritet bevart og skal handterast etter arkivfaglege prinsipp. Samtidig vil desse enkeltdokumenta i vårt prosjekt kunne kome fram i lyset, registrerast, samlast digitalt og kunne bidra til å belyse historia om garden og kvensk historie og kultur i nye kontekstar.

MUSEUMSANLEGG: Teikning av Tuomainengårdens bakgard (1946). I dag er er Tuomainengården eit av Vadsø museum-Ruija kvenmuseum sine museumsanlegg og er brukt til formidlingsarbeid der barnehageborn, skuleborn og vaksne kan besøke anlegget og delta i ulike aktivitetar. Om sommaren er bakeriet museumsbutikk. Arkivskapar: Karen Jensen Tuomainen, f. Korvanen.

Gunstig samarbeid på tvers

Frå fagseminar om demokrati, kultur og kunnskap

Artikkelen tek utgangspunkt i eit foredrag halde av Inger-Lene Nyttingnes og Ann Tove Manshaus på Forskerforbundet ved museer og kulturminnevern (FMK) sitt årlege fagseminar 15.–16. september 2022. Tema for seminaret var «Demokrati, kultur og kunnskap; innfallsvinkler til forvaltning, forskning og formidling av kvensk og samisk kultur». Oppdraget var å formidle prosjektet om kvenske arkiv, og korleis arkiv fremjar demokrati.

Erfaringar frå prosjektet om kvenske arkiv viser at eit større tverrfagleg samarbeid kan gje eit betre resultat. Når arkivmaterialet er mangelfullt, som i dette tilfellet, kan eit dokumentasjonsprosjekt, med innsamling av minne, som intervju, film og foto, gje eit viktig supplement til arkivet. Eit samarbeid mellom arkivinstitusjonar, museum og sosialantropologar vil gje nødvendig kunnskap om metodebruk og arbeid med metadata i dokumentasjonsprosjektet. Arkivinstitusjonar har system for digital bevaring, musea har kompetanse på innsamling av minne, og sosialantropologar har kulturforståing og metodikk for observasjon og innhenting av data.

For at arkivmateriale skal bli tilgjengeleg for alle, må det brukast nødvendige ressursar på å løyse utfordringar med språk og metadata. Eit samarbeid om å publisere metadata og arkivbeskrivingar på både norsk og kvensk er nødvendig for å betre tilgjengelegheita.

Eit tverrfagleg samarbeid bør forankrast regionalt og nasjonalt. Finnmark er eit føregangsfylke i å samle ressursar og kompetanse for å nå målet om heilskapleg samfunnsdokumentasjon i arkivnettverket «Finnmarksarkivene». Nye samarbeidspartnarar på tvers av geografi og fagområde vil styrke dette arbeidet.

Les mer om Varangerarkiver her.


Powered by Labrador CMS