DEBATTINNLEGG

Ny arkivlov må prioriterast!

Arkivlova er over 30 år.

Publisert Sist oppdatert
OM SKRIBENTEN: Lin Øiesvold er rådgjevar i IKA Rogaland.

Arkivlova såg dagens lys i desember 1992. Blant anna på grunn av arbeid med forskrifter tredde ho ikkje i kraft før i januar 1999 og var nok alt då litt akterutsegla. Dette blir verre for kvart år som går. Berre tenk på korleis ein jobba i Noreg på 1990-talet samanlikna med i dag. I 1992 var det kanskje nokre få som hadde eller brukte mobiltelefon i jobbsamanhang, men dei færraste hadde jobbmobil. E-post byrja å bli kjekt, men offisielle brev blei høgtideleg skrivne ut, signert med penn og sendt i posten. Storparten av innbyggarane i Noreg hadde ikkje eingong tilgang til internett før midten av 1990-talet. Kommunikasjon med det offentlege føregjekk i få og ganske oversiktlege kanalar.

I løpet av dei siste ti åra har samfunnet opplevd ei teknologisk utvikling som har flytta seg framover, og i fleire ulike retningar, i ein rasande fart. Det offentlege jobbar på stadig nye og effektive måtar. Det meste av kommunikasjonen føregår digitalt på plattformer, og i og utanfor system som dagens arkivlov ikkje kan ta høgd for.

Arkivarar slit med manglande ressursar, utfordrande format, eit mangfald av kanalar som gjer dokumentfangst til eit mareritt. Dei kjempar kvar dag for å bli høyrt og få respekt for arkivfaget og forståing for kvifor det er så viktig å sila ut og ta vare på den arkivverdige dokumentasjonen som blir skapt i digitale fossefall av informasjon. Det hjelper ikkje at dei må gjera dette med støtte frå eit lovverk frå førre tusenår.

Arkivlovutvalet, som blei oppnemnt i 2017, kom i 2019 med sitt forslag til ny arkivlov. Dette er no snart fire år sidan. Kulturdepartementet sende hausten 2021 ut nytt forslag til lov. Høyringsfrist var i januar i 2022. Me har venta lenge nok no. Det er på tide at Kulturdepartementet tek ansvar. Arbeidet med ny arkivlov må prioriterast!

Powered by Labrador CMS