AKTUELT NAVN

Lars Fivelstad Smaaberg på Norsk folkemuseum.

Intervju med Lars Fivelstad Smaaberg

Gratulerer til Lars Fivelstad Smaaberg, ein av seks utvalde - og Noregs andre representant - til å vera del av New Professional Programme 2023.

-Kva er forventingane dine til New Professional Program, og kvifor søkte du?

Aktuelt navn

Navn: Lars Fivelstad Smaaberg Alder: 29

Stilling: Arkivar ved Norsk folkemuseum

Aktuelt: Deltakar ved ICA New Professionals Programme 2023

Å ta del i NPP meiner eg er eit spennande oppdrag. Fyrst og framst gler eg meg til å gjera gode erfaringar om å arbeide med arkiv i eit internasjonalt perspektiv. Eg ynskjer å utforske kva problemstillingar og utviklingstrekk knytt til arkivsektoren ein er oppteken av i andre land og verdsdelar, og å kunna drøfte desse mot dei eg kjenner til ifrå Noreg og Nord-Europa. Likeins vil det vera interessant å utveksle ‘beste praksisar’ og å kunna lesa det norske arkivmiljøet med andre briller enn ein får med seg her i Noreg.

Det er nok mykje difor eg søkte NPP. Eg meiner at det er naudsynt å orientere seg i det internasjonale landskapet for å kunna forstå korleis arkivsektoren i Noreg utviklar seg i dag, og har utvikla seg tidlegare. Det er viktig både for å kunna læra av andre som allereie har løyst tilsvarande oppgåver og utfordringar som me står ovanfor her i Noreg, og for å hente inspirasjon og samarbeid til å vera kreative for å drive utviklinga vidare. Slik trur eg NPP kan vera ein døropnar til å lære om, og aktivt ta del i arkivsektoren også som eit internasjonalt fellesskap for oss som har mange år att i arbeidslivet.

New Professionals Programme

Programmet gir nye arkivarer – det vil si studenter og personer med maks fem års erfaring fra arkiv og dokumentasjonsforvaltning – mulighet til internasjonalt samarbeid og utvikling.

Lese mer om programmet?

-Korleis hamna du i arkivsektoren og kva gjer du no?

Det fyrste arbeidet mitt i arkivsektoren var hjå Bergen byarkiv etter å ha vore der som praksisstudent gjennom UIB. Eg minnast at eg då klårgjorde arkitektteikningar etter Arnesen og Darre Kaarbø til digitalisering, og tok innsynsførespurnadar. Sidan arbeidde eg også hjå samlokaliserte IKA Hordaland med arkiv frå A til Å, frå hausting til Digitalarkivet, formidling, arkivutvikling, innsyn og publikum osb.

No arbeider eg hjå eit lite arkiv- og forskingsinstutt, Norsk Etnologisk Gransking hjå Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Der arbeider eg med spørsmålet om korleis kulturhistoriske arkiv skal finne plassen sin blant offentlege arkiv og det me meir klassisk tenkjer på som privatarkiv, både for det breie publikum, for forskarar, for den kommersielle marknaden, for friviljuge og for forvaltinga.

-Kva er kjekt og utfordrande som ny i arkivmiljøet?

At arkivmiljøet er eit fagmiljø som går gjennom store endringar no, og kjem til å oppleva kanskje enno meir omfattande endringar nedover løpet, med endringar i lovverk, digitalisering og kunstig intelligens med meir, tykkjer eg er inspirerande. På ei anna side set eg pris på at arkivfaget er svært mangfaldig av natur, slik at det ofte er eit kreativt rom for å både pønske ut og utvikle gode løysingar, gjerne i samhandling med andre i inn og utland. Ofte føreligg det ingen fasit for korleis oppgåver skal løysast, og det gjev inspirasjon og rom til å tenkje breiare.

Eg tenkjer at utfordringane som ny i arkivmiljøet og det som er kjekt ligg tett knytt i kvarandre. Det er ein stor sektor med perspektiv frå mange fagfelt, og mange initativ som skal drivast fram til same tid. For meg er dette mangfaldet det mest spennande og utfordrande.

Powered by Labrador CMS