NORSK BIDRAG: Ottar A. B Anderson presenterer prosjektet «The Norwegian approach - automated quality control of digitization on national level in the Digital Archives - A practical approach".

Archiving-konferansen – Society for Imaging Science and Techology

I juni vart den årlege konferansen til den internasjonale organisasjonen for profesjonelle ekspertar på bilde og teknologi arrangert i Oslo. Tema for konferansen var digitalisering / mediekonvertering, konservering og publisering av 2D, 3D og AV-materiale innanfor ABM-miljøet.

Publisert Sist oppdatert

Organisasjonen Society for Imaging Science and Techology (IS&T) vart stifta i USA i 1947 og er open for medlemskap frå fagpersonar frå heile verda. Archiving-konferansen har vore arrangert sidan 2004 i USA og i Europa og har vore arrangert i Norden berre ein gong tidlegare, i København i 2012.

I år vart konferansen arrangert ved Universitetet i Oslo 19.–23. juni.

Tverrfagleg fokus

Det tverrfaglege fokuset skaper eit opent og inkluderande fagmiljø for å dele og presentere forskingsfronten, ny teknologi, strategiar og fagpublikasjonar. Fyrste dag av konferansen var sett av til eigne fagkurs, der ekspertar delte fagkunnskapen sin gjennom fagspesifikke kurs, ikkje berre på introduksjonsnivå, men også på avansert vidarekommande nivå. Fagfellevurderte publikasjonar vart òg presenterte på konferansen.

Endelege resultat frå CHANGE – Cultural Heritage Analysis for New Generations – vart presentert på konferansen. Dette er del av EU sitt forskings- og innovasjonsprogram Horizon 2020, under Marie Sklodowska-Curie-stipendet. NTNU Colourlab i Gjøvik har vore ansvarleg for dette programmet saman med fleire internasjonale partnarar.

Også prosjektet «The Norwegian approach – automated quality control of digitization on national level in the Digital Archives – A practical approach» vart presentert, av underteikna. Presentasjonen omhandla FoU-prosjektet som er støtta av utviklingsmidla frå Arkivverket over tre tildelingar. Innhaldet i prosjektet omhandla automatisering av kvalitetssikring av mediekonvertering publisert på Digitalarkivet. Prosjektet tek utgangspunkt i arbeidet som vart starta i 2016 i SAMDOK prosjektet, og presenterer status for arbeidet som pågår fram til og med juni 2024. Fagfellevurdert artikkel om prosjektet er publisert på  nettsiden library.imaging.org/archiving/articles/20/1/16.

Norsk deltaking

Fagmiljøet ved NTNU Colourlab i Gjøvik, i samarbeid med UiO og Kulturhistorisk museum, var lokalt vertskap. Sjølve konferansen var open for alle interesserte, primært innanfor ABM-miljøet, UoH-sektoren og bildeteknologiindustrien.

Utanom det lokale vertskapet var det norsk deltaking frå Nasjonalbiblioteket, Arkivforbundet, IKA Møre og Romsdal og Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Ein skulle gjerne sett ei breiare deltaking frå det norske fagmiljøet.

Neste års konferanse blir gjennomført i Washington DC, USA 8.–11. april 2024.

 

Powered by Labrador CMS